 |

Hollendarar let seg ikkje skremme! |  | | Jaap og Greet klare for returen til Løfallstrand. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | | Det er ein særs våt fredag, men turistane let seg ikkje skremme bort frå Uskedalen. Dette gjeld i alle fall for paret Greet og Jaap in't Veld, som bur i nærleiken av Haag i Holland. Dei et lunsjen sin på Sandakaien ved sida av dei parkerte syklane sine sjølv om det ausar ned. | | | | - Vi køyrer bil og bur i campinghytte på Løfallstrand, men gjer utflukter på syklane, fortel dei medan dei gjer seg klåre for returen. Men først skal dei sjå på kyrkja og kyrkjegarden. | | | | - Alle syklar vel i Holland? | | | | - Jau, heilt i frå dei er svært små. Eg syklar til dømes på jobben kvar dag, men det er ikkje meir enn 3 kilometer.Og det regnar ikkje så mykje som her i Noreg, kanskje ikkje meir enn tre gonger i året,seier Jaap. | | | | - Dykk er trufaste turistar i vårt land? | | | | - No har vi vore her 20 gonger, dette er favorittlandet vårt. Heime i Holland er det så tettpakka med folk, her er det motsett og ein natur som gjer stadig sterkare inntrykk. Men det er berre andre gongen vi har syklane med. Det gjev ei heilt anna og sterk oppleving av den storslåtte naturen. | | | | Av Ola Matti Mathisen. | | | | | | | |
| |
 |