 |

11 uskedelingar spelar i Norway Cup |  | | 14-årsjentene frå i fjor gjorde det også godt i Norway Cup |
| | | Sundag startar verdas største fotballturnering Norway Cup i Oslo og fotballgruppa til Rosendal Turnlag stiller med 3 lag. Det er gutar 13 og 14 og jenter 14. Lagleiar Arvid Nes fortel at det er 6 uskedelingar med på gutar 14 og 4 jenter på jenter 14. I tillegg spelar uskedelingen Dag Rune Myklebust på Vard Haugesund sitt juniorlag (elite).Han er frå Korsnes og elev ved Haugesund Toppidrettsgymnas der han startar på andre året i august. | | | Representasjonen frå Uskedalen er med andre ord sterk. Nes strekar under at det gjeld meir enn taletpå spelarar. Det gjeld også spelestyrke og fotballkunnskapar ! | | | Desse uskedelingane spelar i 14-årsklassa for gutar: | | | Bjørn Martin Haugland, Stian Myklebust, Hans Fredrik Zimmer, Johannes Taranger, Hermund Døssland (født 1997) og Mads Raudstein. | | | Desse uskedelingane speler i 14-årsklassa for jenter: | | | Kari Bråtun, Katrine Yri Røssland, Anne Marthe Zimmer og Ingebjørg Haugland. | | | Litt spesielt er det at alle3 lag skal møta Vålerenga, ein av landets største klubbar. Nes håpar spesielt at jentene skal koma igjennom til A-sluttspelet sjølv om dei er i ein tøff gruppe med mellom andre landslaget frå Zimbabwe. Gutelaga skal møta berre norske lag. Det overordna målet er å få eitt lag gjennom til A-sluttspelet. Lykkast ikkje det, vil det vera første gong sidan 1993. | | | Jentene møter Vålerenga sundag, Hadeland måndag og Zimbabwe tysdag. Gutar 14 møtar Bardufoss sundag, Løten/Nordbygda måndag og Vålerenga tysdag. Gutar 13 møtar Bossmo & Yttern sundag, Vålerenga måndag og Skedsmo tysdag. | | | Av Ola Matti Mathisen | | |  | | Det er store forventningar også til 14-årsgutane. |
| | | | | |
| |
 |