 |

Uskedalsposten – påskegodt på heile 44 sider. |  | | På heimveg etter påskefeiring i 1956. (Foto: Gjert Myklebust) |
| | | Påskenummeret av Uskedalposten som kjem i salg laurdag, inneheld ein fyldig test av all slags velsmakande påskegodteri som er å få kjøpt i butikkane. Likevel vil eg kåra det populære lokalbladet til det beste påskegodtet i Uskedalen dette året. Fyldig, flott og godt er det; - og ein kan nyta det gjennom heile påskehøgtida og vel så det. | | |  | | Sigurd Myklebust - bilveteran i Uskedalen. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| Som vanleg er Uskedalsposten spekka med interessant lokalstoff. Denne gangen leverer redaksjonen eit rekordstort produkt. At det er på heile 44 sider er imponerande i seg sjølv. | | | | At det er interessant, velskrive og tiltalande stoff med stor spennvidde, gjer oss endå meir imponert. Nummeret er rikt illustrert med bilete. Biletreportasjen frå Solgry fortel oss om eit vellukka leiropphald der. | | | Den flotte snøvinteren har inspirert til mimring frå ”tida då det alltid var skikkelege vintrar”. Dette vert gjort gjennomgode, gamle bilete og gode tekstar som utfyller einannan på ein interessant måte. Om det er snøvinteren som har inspirert til portrettet av bilmannen og bilbergaren, Sigurd Myklebust, veit eg ikkje. Godt høver det i alle fall, og interessant er det å lesa. | | | Det seier seg sjølv at eg ikkje kan nemne alt i det fyldige nummeret, men eg synes det er verd å nemne dei flinke borna i redaksjonen. Dei som skal ha æra for dette flotte produktet er: Lars Fausk(14), Ingvill E. Myklebust(10), Karen P. Brede (10), Katrine Saghaug (10), Frida Nybakk (10), Solveig Haugland (10), Malin B. Eik (10) og Karsten A. Haugland (10 år). | | | Noko av æra må dei dela med dei flinke leiarane sine, Britt Torill Mathiesen. og Tore Mathiesen og Ola Matti Mathisen. Dei gjer ein imponerande jobb, og er inne i sin 6. årgang med Uskedalsposten til glede for lesarane. Kristian O.Bringedal, Marit Hjønnevåg, Linda Tvedt, Marita Kjærland og Lill Myklebust Skaadel er andre skribentar som har bidrege. | | | Baksida inneheld også denne gangen eit fint og høvande dikt – ”Snøklokka” av Margretha Dønhaug. | | | Det er eit tiltalande nummer som er i salgpå dei vanlege utsalgsplassene frå laurdag. Også den tekniske kvaliteten er god, og i så måte er det gledeleg at det er trykt i bygda sitt eige trykkeri; - på AFA AS. | | | Kjøp det!! De kjem til å kosa dåke med det! Interessant for alle – både unge og eldre! | | | Av Thor Inge Døssland | | | | | | | | |
| |
 |