 |

Godt år for båtlaget |  | | Desse tre held fram i styret: Frode Ludviksen, Rolf Myklebust og Rune Myklebust (frå venstre). (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | 2009 var eit godt år for Uskedal Båtlag. Dette var ein av konklusjonane i årsmeldinga som vart presentert under årsmøtet på Stemneplassen tysdag kveld, for 12 medlemmer. | | | Talet på gjestebåtar vart ifjor rundt rekna 1100, omtrent det same som året før, og også i fjor kom båthamna høgt opp i kåringa av beste båthamn i landet. | | | Rolf Myklebust held fram som leiar i laget. Han har med seg Frode Ludviksen, som har vore kasserar, Rune Myklebust, Endre Nilsen og Gunnar Leite. Dei to siste er nyvalde. Varamenn er Harald Erdal og Jan Henrik Hansen. Rolf og Rune Myklebust er hamnesjefar. | | | Kasserar Ludviksen kommenterte rekneskapen med at det hadde vore gode inntekter og eit svært bra resultat. I årsmeldinga vart det uttrykt glede over at Birger Myklebust er tilbake og hjelper båtlaget. Av ting som er gjort er montering av skjørt på bølgjedemparane, slangestasjon på kvar strømsøyle påmoloen, kontroll av fortøyningar på bølgjedemparane og flytebryggje inni hamna. Straumprosjektet er så godt som ferdig og manglane på mangellappen frå Kvinnherad Energi er ordna. Vikingskipet er teke ned for montering av ny fot. Pullertar på bølgjedemparane er montert og fleire er i bestilling hos Bjørnar Bergstø. | | | Båtlaget ser fram til at bygslingskontrakta med kommunen snart skal bli forlenga. Det blir peika på atdet er problematisk å få gjennomført ymse tiltak i området før dette er skjedd. | | | Ei anna sak som vart berørt var eventuelt sal av båtplassar, noko som har vorte aktualisert av Jondalstunellen. Møtedeltakarane var for at båtplassane først og fremst må bli selde til folk frå bygda, men Knut Sjøwall peika på at det då må skje ei vedtektsendring. I vedtektane heiter det at sal er ope for alle. Eit anna punkt som er aktuelt å slå fast er at medlemmer med båtplass har røysterett. | | | Årsmøtedeltakarane vedtok samrøystes at utleige av båtplass ikkje skal gje avkorting på årsavgift. Pengane går til båtlaget. Grunnen til dette er at det vert meir rettferdig for medlemmene og forenklar arbeidet for styret. | | | Av Ola Matti Mathisen | | |  | | Bygslingsspørsmålet bør bli avklara snart, held båtlaget fram. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | | | |
| |
 |