Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Siste Nyhende

Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren

Allereie før basaren til skulemusikken klokka 16 i morgon
ettermiddag har iherdige loddselgjarar sikra rundt rekna
20 000 kroner til det gode føremålet. Det har skjedd både
ved loddsal på SPAR og rundt i bygda og dermed bør
det vera mogeleg å setja ny rekord for denne populære
basaren. Og kva er så ny rekord?
Les meir04.02.2012

Matgleder på Feet

Elin og Geir Enes skal byggja ein driftsbygning for
matproduksjon på 95 kvadratmeter i halvanna høgd
på Nedre Feet og no har dei sendt søknad til kommunen.

 

Elins Matgleder blir namnet og det føreligg ingen merknader frå
naboar eller gjenbuarar.

 

Det blir opplyst i søknaden at det bllir
storkjøkken, butikk, lager og kontor. Hensikten er å utvide
drifta på garden med catering og sal av
gardsmat frå eigen butikk.
Les meir04.02.2012

Sundagsskule på laurdag framleis sant

I dag er det laurdag. Likevel er det sundagsskule på bedehuset
og slik har det vore i 3 år. Leiar og eldsjel Nelly Kjærland utelukkar
ikkje at dei vil gå attende til sundagsskule på sundag, men førebels
er saka uavklart. Inntil vidare held ho fram med marknadsføring under
slagordet  Laurdagsskule pluss  graut er sant.
Les meir04.02.2012

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet

Saka om ny bustad for  Else Djuve og Sigurd Arne Arnesen går
vidare. Advokatfirmaet Harris i Bergen har skrive til kommuen om
dispensasjonen frå byggjegrensa som Vegvesenet har gjeve på vilkår
av at avkøyrsle til  fylkesvegen frå privat veg blir stengd,

 

Kommunen skal utifrå vedtaket ikkje gje igangsetjingsløyve for byggjing
av bustaden før avkøyrsla er stengd.

 


 
Les meir03.02.2012

Stor lokal brøyteinnsats

Det første store snøfallet er eit faktum og truleg kom
det rundt 30 centimeter sist natt. Det var ei utfordring
for brøyteberedskapen, men så langt tyder alt på at
brøytarane har gjort ein god jobb. I alle fall har uskedalen.no
førebels ikkje registrert klager.
Les meir03.02.2012

Pølsefest vart også marsipanfest - SPAR til topps!

SPAR baud inn til pølsefest i dag for å markera at bygda har auka
med 33 innbyggjarar i fjor og kome opp i 1061. Det var eit vellukka
tiltak, men det stoppa slett ikkje der.
Pølsefesten vart også ein marsipanfest
og den var ikkje planlagd.

 

Frå kjedekontoret i Bergen kom ei kjempekake
fordi suksessbutikken for tredje gong har gått til
topps på service blant SPAR-butikkar i heile landet.
Det mangla berre  at festen også vart ein kombinert sol- og snøfest.
når no sola har kome att og det fyrste store snøfallet er eit faktum.

 

Les meir03.02.2012

Lang kamp om stenging vert spådd

Ein av huseigarane langs vegen mellom Beinavikjo og fylkesvegen
reagerer på meldinga vår om ei mogeleg stenging med bom som
er trukke fram som eit alternativ under kommunen si sakshandsaming,
Han påpeikar at alle husa på høgre side i biletet vårt har vegrett
nedover gjennom Beinavikjo.
Les meir02.02.2012

Førar hadde flaks ved Eidsvik

Det vart svært glatt utover dagen i dag og ein førar hadde
flaks i ein sving ved Eidsvik Skipsbyggeri. Bilen gjekk utfor
og vart hengande mot eit tre rundt 30 meter nedanfor.
i den såkalla Lensmanssvingen, opplyser operasjonssentralen
til politiet.
 
Les meir02.02.2012

Like mykje nedbør som i fjor

Kanskje vil det overraska nokon, men det er i alle fall
sant: i den fyrste månaden i 2012 målte Kurt  Haugland
på Korsnes omtrent nøyaktig same nedbørmengd
som i fjor i januar - tala var 227 og  222 millimeter.
Omvikdalen og Rosendal hadde omtrent  den same
nedbør som Uskedalen, men Matre låg som
vanleg i ei særklasse
med dobbelt så mykje - 439 millimeter - melder Grenda
Les meir02.02.2012
 
Neste  
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS